Tuesday, 30 June 2009
Maria og Synnøve på besøk:-)
jI eit familieselskap snakka me om symjing og Gamlingen. Me vart einige om at Maria og Synnøve skulle kome på besøk til meg, så me kunne gå på Gamlingen og symja. Men i dette finveret er det jo overfullt på Gamlingen, så det droppa me. I staden gjekk me på Pastabakeriet i Stavanger og åt (har dei endra oppskrifta?? Det smaka annleis før..), og andre butikkar dei har i Stavanger som dei det ikkje er på Kvadrat og slikt. For eksempel Søstrene Grene. Då me var på Søstrene Grene fekk me så lyst til å måla! Me reiste til Sandnes og byrja med å måla.
22:55 Permalink | Comments (1) | Email this
Sunday, 28 June 2009
Dagens badenymfer
Barn nå til dags er rare når dei skal bada. Dette vakna eg opp til ute på altanen:
14:57 Permalink | Comments (0) | Email this
Saturday, 27 June 2009
Små, søte kjola
Fredagskveld kom eg inn på soverommet mitt på Vikeså, som ligg i øverste etasje med kott på kvar si side med mykje gamle klede og ting og tang. Då låg det spredt barneklede utover nesten heile golvet! Foranledningen er nok at systera mi med tre ungar er heime for tida. Eg måtte jo sjå på desse klede, og må sei at eg vart nesten litt verpesjuk... For sjølvsagt er dei jo best på ein unge framfor på gulvet.
11:42 Permalink | Comments (0) | Email this
Thursday, 25 June 2009
Sykkelbyen Sandnes
Sandnes reklamerer med "Sykkelbyen Sandnes".
Mogleg det stemmer. Men er det venleg for framande syklistar? Nei. Skiltinga er håplaust! Minner om Nederland. Stavanger, derimot, er fantastiske, og dette burde Sandnes gjort likt! Min sykkeltur vart noko lenger i kveld nettopp på grunn av dette.
21:32 Permalink | Comments (0) | Email this
Wednesday, 03 June 2009
Mobillek...
2. Gå inn på innboksen din
3. Lukk øynene å bla nedover i innboksen din, stopp etter du har telt til 5 (hold knappen inne)
4. Gjør det på alle spørsmålene
Hva ville du sagt om kjæresten var utro?
Haha, d e heilt sant ;-)
Hva sier du alltid til din beste venn?
Linn au blir med og reise kl 5 ;-)
Hva er det første du sier når en kompis blir påkjørt av en buss?
Kan godt finne på noe :-) men jeg skal være helt ærlig så har jeg ikke lyst til å gå på salem hvis det r greit :-)
Hvilken sms er du blitt mest glad for?
Har du lyst å gå og se engler og demoner på onsdag kveld?
Hva sier du til dine foreldre før du går og legger deg?
Me e nok isje nere før halv 3 3
Hva ville du ropt ut?
Vel, nyforelsket er vel å ta hardt i etter 8 års ekteskap:-). Men forelsket JA. Klem
Hva ville du sagt til Kongen om du møtte han?
Heisann:-) e grilling hos mg ikvell viss d sko høras interessant. Ta md grillmad å kom i 9 tiå :-)
Hva hadde du sagt til en døende?
På benken i Sandnes sitter en fornøyd pike.
21:44 Posted in Underhaldning | Permalink | Comments (2) | Email this
Tuesday, 02 June 2009
Gullkorn - igjen :o)
Høyrt i ein pinsemenighet:
- Er du klar over at djevelen bor i de trommene?
- Ja, ser du ikke at jeg prøver å slå den ut??
Eg kan alt om alt, men e ikkje alt eg vil sei.
...og så spenne Moses på de raskeste sandalene og springe av avgårde...
Men mamma, vi har ikke heis i vårt hus!
(Ein stakkars tantunge av meg som syns tante Birgitte sin heis va spennande...)
Veibeskrivelse til Lindesnes: Til høyre i første rundkjøring etter Ålgård når du komme fra Stavanger.
Spørsmål på quiz: Kva heiter kringkastingssjefen?
Forsøk på svar: E d ein i Bjerkreim?
Kommentar: Nei, eg trur han sitte på Stortinget.
-Då eg va på min alder..
- Vannet kan brukast til alt: Drikkevann, vaskevann, kokevann, og til og m t rompevask!
17:13 Posted in Folk | Permalink | Comments (0) | Email this
Monday, 01 June 2009
Ufrivillig A-menneske
B-menneske er ein fin ting, og det har eg vore heile livet. Men så med aldaren har eg blitt A-menneske. Ufrivillig. Særleg i helgene...
Gøy? NOT!
20:44 Permalink | Comments (0) | Email this
Thursday, 28 May 2009
Yess!!!
Det stundar mot sommar. Det merkes på kroppen! Byrjer å verta lei årsoppgjer, skjønt eg unngår overtidsarbeid. Sju veker ferie trur eg blir bra. To veker reiser eg, Linn og Kari Synnøve gjennom Europa på jentetur. Og etter sommaren skjer det mykje nytt - som alltid.
Men eg har hatt ei helg med mykje fart og moro og spaning! Fredagen starta med hyttetur med tre jomfruer på hytta til Ragnhild på Eigerøy i Eigersund. Veret var fantastisk, og me storkosa oss!! Iallfall eg. Laurdag var ein skikkeleg slakkedag, såpass slakke at eg gløymte heilt å ta inn koppen og tallerkenen inn på kjøkenet.... Eg sleit veldig med dårleg nattesøvn etter at det gjekk opp for meg!
Kvelds/middag. Marte Lise og Ragnhild.
Her ser me Janne og Anders (og Børge) på låven på Espeland. Me var jo dei første som kom fram, sjølv om me starta som nummer fire eller noko, så me var særs stolte. Kva plass me kom på er ikkje så nøye, det viktigaste er tross alt ikkje å vinne, men å delta! Neste år, derimot, er me meir førebudde.
På sundag var eg, Mona Elin og Therese på tur til Haugesund for å besøkja Marianne. Koseleg! Me forsov oss alle tre, så dyr frukost på båten vart det for oss samtlige. Men i desse finanskrisetidene er det jo greit å få litt pengar i omløp.
Marianne bur i ein liten, koseleg leilighet rett ved buss-stasjonen i storbyen. Heilt perfekt :o) Her grilla me før me gjekk ein tur. Veret var utruleg bra, og me hadde det festleg på ei bru. Her såg me utruleg mange fiska! Eller kanskje ikkje...
Tusen takk t alle som gjer at eg får oppleva så enormt mye kjekt og at dokke e så gilde, venna! Utruli glae i dokke adle i samen :D
21:55 Permalink | Comments (0) | Email this
Wednesday, 27 May 2009
Ny blogg
Naboane (Janne og eg) på Varatun har fått fellesblogg, nettopp for å dele med alle andre i denne vide verda: javelll.blogspot.com. For dei som ikkje er fullt så oppegåande, så er det 3 L-ar i javelll. Det er fordi dei med ein og to L-ar ikkje var ledige.. Det verste er jo at dei bloggane ikkje er oppe og går... Enjoy!
16:00 Posted in Folk | Permalink | Comments (0) | Email this
Tuesday, 19 May 2009
Scrappekveld
Folk som kjenner meg litt meir enn andre kjenner meg, veit at eg er svært så selskapssjuk. Så når eg har planlagt å ha ein kveld heilt for meg sjølv, så skjer det aldri. Eg får heilt angst, kjenner tilløp til depresjon, og det som verre er. Same kor mykje eg "planlegg" ein aleinekveld, så skjer det ikkje.
Så då Camilla sa på facebook, til ei heilt anna, at ho keia seg, kunne eg jo ikkje la ver å invitere henne! Som gjort, så gjort. Camilla kom, og me hadde ein kanonkoseleg scrappekveld her i Postveien. Og jenta er eit av mange eksemplane som seier: "Eg e ikkje kreative i d hejla"... Jo, Camilla, eg glede meg t å hørra alle dei andre sine kommentara på produkte ditt. Du får bestillinga på rams, og d e bra, for då blir det mange scrappekvelda!
18:34 Posted in Folk | Permalink | Comments (4) | Email this





